Betingelsar

Betaling
I Klarna Checkout kan du velge å betale med kort, eller du kan velge faktura med 14 dagers betalingsfrist. Det er ofte også ei kampanje der du kan utsette betalinga i eit par månader. Ved førehandsbestillingar sender eg ut faktura når eg har fått bekrefta levering frå leverandør.

Levering

Eg sender lagervarer frå butikken innen ein virkedag. Leveringstida til posten varierer mellom 1-4 dagar, alt etter kvar i landet du bur og korleis det blir sendt (servicepakke, A-post). Du får leveringsalternativ i kassa. Fraktprisar blir beregna på grunnlag av postnummer og vekt her i nettbutikken. Du får alltid fri frakt på ordre over 1500,- Varene kan også hentast i butikken i Vikegata 34, Ørsta. Gratis levering i Volda & Ørsta kan avtalast.

Retur
I følge norsk lov har du rett til å angre kjøpet inntil 14 dagar etter at du mottok vara. Kjøpar betalar returfrakt. Pengane blir tilbakebetalt når eg har fått den returnerte vara. Du får også returnere ferdigsydde klede som ikkje er spesielt tilpassa dine ynskjer. For spesialsydde klede gjeld ikkje angreretten (med navn feks). Etter loven gjeld returretten heller ikkje metervarer klipt etter ditt ynskje - men ta kontakt så vil eg gjerne gjere deg fornøgd :-)

Reklamasjon
Skulle det skje at du finn ein feil på eit stoff, må du gje meg beskjed snarast. Ikkje vask eller klipp i stoffet. Vara skal returnerast til meg, og du får tilbakebetalt eller nytt stoff. Husk at fargar kan sjå forskjellig ut på datamaskin, mobil og nettbrett, alt etter skjerm og lysstyrke.