LAURDAGSPASS • SYHELG 23.-24. september

LAURDAGSPASS! PÅMELDING KUN TIL LAURDAGEN
Syhelg i Ørsta, 23. september klokka 10:00 - 24. september klokka 18:00 

23.-24. september er det igjen tid for syhelg i Ørsta! Lokalet som blir i nærleiken av butikken - meir info kjem.
Alle er velkomen, uansett ferdigheiter. Er du nybyrjar er dette eit fint arrangement for å få lære mykje nytt. Vi skal kose oss, treffe andre sygale, skravle og sy masse!

Inkludert i prisen er plassleige, goodiebag, frukt, kjeks og kaffi heile helga, middag laurdag og lunsj søndag + drikke. Det er kort veg å gå til både daglegvare (søndagsope) og kafé/resturant, og vi har tilgang på kjøleskap og microbølgeovn for dei som måtte trenge det. Alle som deltek får 10% på absolutt alt i butikken denne helga.

Overnatting: Det vil vere mulegheit til å få overnatte i lokalet med madrass og sovepose, i tillegg finst det diverse overnattingsstadar både i Volda og Ørsta. Ivar Aasen hotell, Ørsta Camping og Volda turisthotell for å nemne nokre. Om du vil at eg skal arrangere anna overnatting for deg (f.eks dele rom med ein annan deltakar), så sei ifrå.

Ta kontakt om du har noko spørsmål! :-) Eg gledar meg veldig, bli med du også!

600,-
På lager: 20

ADRESSE

Vikegata 34, Ørsta

FRI FRAKT

over 1500,-

E-POST

kontakt
@hjartesaum.no